Leirskuleopphald

Ein del av undervisningstida i grunnskulen kan leggjast til ein leirskule. I så fall vil dette vere ein del av den obligatoriske grunnskuleopplæringa. Skulen har inga plikt til å tilby opphald på leirskule, men det er vanleg at elevane drar på leirskule saman med læraren sin ein gong i løpet av grunnskulen. Undervisninga vil i stor grad skje utandørs, anten på fjellet eller ved sjøen der leirskulen ligg. Det praktiske opplegget knytt til turen vil bli drøfta med foreldra på førehand.

Sist endra 09.05.2014