Leksehjelp i grunnskulen

Kommunen har plikt til å tilby gratis leksehjelp for elevar på 1.– 4. årstrinn. Leksehjelpa skal gje elevane hjelp med skulearbeidet, og reknast ikkje som ein del av opplæringa. Det er frivillig om ein vil delta, men kommunen pliktar å tilby leksehjelp. Kommunen skal sørgje for at elevane i leksehjelpa har eit forsvarleg tilsyn og at det psykososiale miljøet er godt. Føremålet med leksehjelpa er å gje elevane opplevinga av å meistre skulearbeidet og å jamne ut sosiale skilnader.

  • Det skal tilbydast totalt åtte timar leksehjelp per veke på 1.–4. årstrinn
  • Kvart årstrinn skal minimum ha éin time leksehjelp per veke
  • Tilbodet kan ikkje avgrensast til elevar som har ekstra behov for opplæring
  • Det er ikkje noko krav om at leksehjelparane skal ha pedagogisk kompetanse
  • Elevgruppa skal ikkje vere større enn at kvar elev blir følgd opp individuelt

Organiseringa av leksehjelpa kan variere frå skule til skule.

Elevane har ikkje rett på skyss i samband med leksehjelpa, og foreldra må sjølve organisere henting.

Eigne påmeldingsskjema skal nyttast. Ta kontakt med den aktuelle skulen.

Opplæringslova

Sist endra 09.05.2014

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 88 38
Tittel :
Kommunalsjef oppvekst og kultur
Bunnhjørne
Artikkel (1)