Opplæring i grunnskule og vidaregåande skule - innhald og timetal

Du kan vende deg til Fylkesmannen som har ansvaret for å føre tilsyn etter opplæringslova, dersom du meiner at skulen ikkje gir opplæring i samsvar med den fag- og timefordelinga som Kunnskapsdepartementet har utarbeidd.

Oversynet viser kor mange timar kvart fag skal ha på dei ulike skoletrinna, og kva fagkombinasjonar som er moglege. Skuleeigar er forplikta til å dokumentere at skulen følgjer fag- og timefordelinga.

Skulen skal prioritere at eleven utviklar grunnleggjande ferdigheiter i å:

  • uttrykkje seg munnleg 
  • uttrykkje seg skriftleg 
  • lese 
  • rekne 
  • bruke digitale verktøy

Desse ferdigheitene er integrerte i læreplanane for dei ulike faga. Læreplanane har tydelege mål for kva eleven skal meistre på dei ulike trinna. Dersom eleven ikkje har nok utbytte av den vanlege undervisninga, har ho eller han rett til spesialundervisning.

Opplæringslova

Forskrift til opplæringslova

 

 

Sist endra 09.05.2014
Artikkel (1)