Skular

Naturfag i naturen | Fotograf: Petter Melchior
Naturfag i det fri fotograf Petter Melchior

Skulane i Norddal er jamt over godt utbygde og godt utstyrte. Kommunen har dessutan godt utdanna og engasjerte lærarar.
Foreldra har hovudansvaret for opplæringa og oppsedinga av barnet deira. Derfor er det viktig at kontakten mellom skulen/lærarane og foreldra er tett og konstruktiv.

Publisert av Aud Lindis Ødegaard. Sist endra 07.12.2012

Alle klassene har foreldre med i foreldrerådet. Foreldrerådet har eit arbeidsutval – FAU. Det vanlege er at klassekontaktane dannar skulen sitt FAU. FAU har i oppgåve å skape eit godt skule- og læringsmiljø for elevane. FAU arrangerer felles foreldremøte og set i verk ymse trivselstiltak og aktivitetar for elevane. Forhold som dreiar seg om den einskilde klasse, klassemiljøet, elevane, læraren og opplæringa er det klassekontaktane som arbeider med.
Vi du vite kven som sit i dei ulike utvala så finn du dette på skulane sine heimesider.

Norddal kommune gir opplæringstilbod til innvandrarar, flyktningar og afasiramme. Frå 1. august 2002 vil alle vaksne ha lovheimla rett til grunnskuleutdanning på visse vilkår. Vaksne som treng opplæring i lesing/skriving på ungdomsskulenivå kan venda seg til rektor ved Valldal skule.

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 88 38
Tittel :
Kommunalsjef oppvekst og kultur
Bunnhjørne
Artikkel (1)