Skuletilknyting

Elevar i grunnskulen har rett til å gå på den skulen som dei høyrer til. Du kan søkje om å få bornet ditt inn ved ein annan skule. Det er opp til kommunen å avgjere dette. Skulen/kommunen vil sende brev til føresette med born som er i skulepliktig alder. I brevet blir det opplyst om kor ein skal møte og til kva tidspunkt.