Karakterar - rett til å klage

Du kan klage på alle karakterar som skal stå på vitnemålet. Du kan òg klage på realkompetansevurdering. I grunnskulen kan du dessutan klage på terminkarakter som er ført på vitnemålet.

Frist for å klage på vedtak som gjeld eksamenskarakterar og standpunktkarakterar er ti dagar. Frist for å klage på vedtak om vurdering av den praktiske delen av fag-/sveineprøva og realkompetansevurdering er tre veker. Innafor fristen kan du krevje grunngjeving for karakterar i fag der det blir heldt munnleg eksamen, fastsett standpunktkarakterar eller karakter for praktisk eksamen. Du kan ikkje krevje grunngjeving for karakterar til skriftleg eksamen.

Resultatet av klagebehandlinga kan bli at karakteren blir ståande, eller at han blir sett opp eller ned. For munnleg eksamen spesielt gjeld at om du får medhald, skal karakteren anullerast, og du har rett til å gå opp til ny avgangsprøve.

Elevar under 15 år kan ikkje klage utan skriftleg samtykke frå foreldra.

Forskrift til opplæringslova

Sist endra 09.05.2014

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 88 38
Tittel :
Kommunalsjef oppvekst og kultur
Bunnhjørne