Studiefinansiering

Ein stor del av innbyggjarane i Noreg tek utdanning og det at ein kan få økonomisk støtte er med å gjere dette mogeleg. Det er Statens Lånekasse for utdanning (Lånekassen) som administrerer dei ulike stipend- og låneordningane med grunnlag i forskrift om tildeling av utdanningsstøtte.

Hovedformene for støtte er stipend og lån.

Det vert gjeve støtte til:

•Utdanningstilbod i Noreg som er godkjent etter ei utdanningslov.
•Utdanningstilbod i Norden som er offentleg godkjent i studielandet og som kjem inn under landet sine støtteordningar.
•Utdanning i utlandet på eigne vilkår.

Legathåndboka er ein alternativ stad å finne aktuelle stipend og legat du kan søkje på. Den finst i bokhandelen, på bibliotek og du kan søkje via ulike nettsider.

Publisert av Aud Lindis Ødegaard. Første gong publisert 23.03.2012
Hovudside (1)