Grunnskuleopplæring for vaksne

Du som er over skulepliktig alder og som treng grunnskuleopplæring, har rett til slik opplæring og kan søkje om dette. Opplæringa gjeld vanlegvis dei faga du treng for å få vitnemål for fullført grunnskule for vaksne. Opplæringa skal tilpassast behovet ditt. Det gjeld både omfang, lengd og tidspunkt for undervisninga. Vaksne skal ikkje plasserast i ordinære klassar saman med born

Valldal skule er ansvarleg for vaksenopplæringa. Kontaktperson er Per Jomar Nerli.

Opplæringslova

Sist endra 09.05.2014