PPT

Alle kommunar skal i følgje Opplæringslova ha ei pedagogisk-psykologisk teneste (PPT).
Frå 1. juni 2012 er Norddal kommune med i Storfjorden PPT (Norddal, Skodje, Stordal og Ørskog). Ørskog kommune er vertskommune for PPTsom har kontor i bankbygget på Sjøholt.

PP-tenesta samarbeider med, og gir rettleiing til, elevar, foreldre/føresette, barnehagar, skular og vaksenopplæring i spørsmål som gjeld trivsel og opplæring. Vi arbeider for å leggje forholda best mogleg til rette for at barn og unge skal få utvikle seg så godt som råd ut frå føresetnader og behov.


PPT er sakkunnig instans når det gjeld vurdering av rett til spesialundervisning og spesialpedagogisk hjelp.

 

Vi arbeider mellom anna med utfordringar i høve til:

• Skulefag (t.d. lesing og skriving)
• Språk og tale
• Tilpassing
• Sosial og emosjonell fungering
• Funksjonshemmingar
• Gode klasse- og skulemiljø
 

Korleis vi arbeider ved kontoret:

For å få best mogleg kjennskap til barnet, ungdommen eller den vaksne sine behov, treng ein god tid til samtale og kartlegging. Samtalar med foreldre/føresette er ein viktig del av undersøkinga ved PP-kontoret. Vi gjennomfører så eventuell kartlegging ved hjelp av diverse prøver og testar.
Dersom det er ønskjeleg, kan samtale og undersøking gå føre seg andre stadar enn ved kontoret, t.d. i heimen, barnehagen eller skulen.
 

Om å ta kontakt med PPT:

Foreldre/føresette, unge og vaksne kan ta direkte kontakt med PPT. Er det barnehage, skule eller andre instansar som ønskjer at barnet skal kome til PP-kontoret, må alltid foreldre/føresette gje skriftleg samtykke før vi tek til med utgreiing av eleven.
Tilsette ved PPT har teieplikt. Alle tenester er gratis for brukarane.

Tilsette ved kontoret:
Hild May Eide – psykolog
Marie Ulvestad – psykolog
Anita Vikene – Pedagogisk psykologisk rådgjevar
Øygunn Garseth – Pedagogisk psykologisk rådgjevar
Mette Sofie Tresselt – Pedagogisk psykologisk rådgjevar
Solfrid Stavdal – kontorleiar og pedagogisk psykologisk rådgjevar
Harriet Listhaug – merkantil/sekretær

Regional PPT-teneste for Nordre Sunnmøre gir teneste til 7 kommunar på Sunnmøre. Dette utgjer 1,4 stillingar som ligg til vårt kontor. Fleire av dei tilsette ved kontoret arbeider både i lokalt PPT og i RPPT.
 

Kontaktinformasjon:

Tlf. 70 16 59 60
Epost: post.ppt@orskog.kommune.no

Sist endra 29.10.2014