Skriftleg sidemål - fritak frå opplæring

Som elev kan du søkje om å få fritak frå opplæring eller fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål. Dette er ikkje det samme.

Du kan søkje om å få fritak frå opplæring og vurdering med karakter i skriftleg sidemål dersom du

  • får opplæring i teiknspråk, samisk eller finsk
  • er minoritetsspråkleg og får særskild språkopplæring (det vil seie særskild norskopplæring, morsmålsopplæring og/eller tospråkleg fagopplæring)

Fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål kan du søkje dersom du

  • i løpet av tida på ungdomsskulen har fått særskild språkopplæring, men no følgjer den ordinære opplæringa i norsk
  • får spesialundervisning som omfattar skriftleg sidemål
  • har ein diagnostisert sjukdom, skade eller liknande som gir deg problem med å klare både hovudmål og sidemål 
  • ikkje har gjennomgått ungdomstrinnet i norsk grunnskule
  • oppfylte vilkåra for å få fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål, men ikkje fekk fritak på grunn av ein saksbehandlingsfeil som kan dokumenterast 

Har du fått fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål, skal du likevel delta i opplæringa. Du skal òg ha vurdering undervegs av læraren din. Vurderinga skal seie noko om kompetansenivået ditt i faget og kva du må gjere for å bli betre. Uansett type fritak så tyder ikkje det at du får fritak frå å lese tekster på sidemål.

Dersom du er misfornøgd med vedtaket, kan du klage innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misfornøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til skulen. Dersom skulen lar avgjerda bli ståande, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen (for elevar i grunnskolen) og klagenemnda i fylkeskommunen (for elevar i vidaregåande skole), som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Forskrift til opplæringslova

Sist endra 09.05.2014

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 88 38
Tittel :
Kommunalsjef oppvekst og kultur
Bunnhjørne
Artikkel (1)