Skuleskyss

Bur du over ein viss avstand frå skulen eller har du ein særleg farleg eller vanskeleg skuleveg, har du rett til skuleskyss. Er du funksjonshemma eller mellombels skadd eller sjuk, har du óg rett til skyss til og frå skule og SFO.

Skuleskyss er den daglege transporten mellom bustad og opplæringsstad. Det er fylkeskommunen som er ansvarleg for skuleskyssen. Fylkeskommunen har eigne retningslinjer for skuleskyss til grunnskule og vidaregåande skule. Opplæringslova omtalar skuleskyss i §7 og §13-4. Reglementet fastset rettar, rutiner og praksis for skuleskyssen i Møre og Romsdal.

Som hovudregel har elevar i grunnskulen rett på gratis skuleskyss når dei har meir enn 4 km skuleveg. For 1. klasse gjeld retten når eleven har meir enn 2 km skuleveg.

Elevar som på grunn av funksjonshemming eller mellombels skade eller sjukdom har for behov for skyss til/frå skule og SFO, har skyssrett utan omsyn til veglengda mellom bustad og opplæringsstad. (Opplæringslova §7-3).

Kommunen kan gjere eigne vedtak om kommunal skyss for elevar som har særleg farleg eller vanskeleg skuleveg.

Sist endra 09.05.2014