Delvis stenging av fv. 91 Norddalsstranda

Statens vegvesen utfører vedlikehaldsarbeid på fylkesveg 91 på strekket mellom Eidsdal og Norddal. Arbeidet blir avslutta og vegen blir opna att for normal trafikk frå og med fredag 19. oktober. 

Publisert av Monika Høydal Lingaas. Sist endra 09.10.2012

Vegen er stengt på kvardagar kl. 08.30-15.00 og kl. 17.00-21.00.

- Grunnen til stenginga er at vi utfører sikringsarbeid. Vi reinsar ned fjell og set inn fjellboltar, forklarer Steinar Vestnes i Statens vegvesen.

Arbeidet tok til den 17. september og skulle etter planen stå ferdig 12. oktober.