Velkomen på besøk

Utsyn frå Blåhornet mot Valldal - Klikk for stort bilete Norddal kommune er eit eldorado for alle som er glade i natur og friluftsliv. Godt klima og stabilt ver gjer at mange vel å opphalde seg her store delar av sommarhalvåret. 

Det er sommaropen turistinformasjon i Valldal sentrum i perioden 23. juni til 26. august. Turistinformasjonen er open kvar dag frå kl. 1000  til kl. 1800. Telefonnummeret dit er 919 20 205.

 

Tafjord er eit av dei mest nytta startpunkta for turar i Tafjordfjella. Her har Ålesund-Sunnmøre Turistforening ei rekke hytter - både bemanna og ubemanna.  

 

Det er samla mykje informasjon på Turistinformasjonen sine sider.

 

Kommunen er ein del av Geirangerfjorden verdsarv - Noregs einaste naturvernområde. I bygda Norddal kan du senke skuldrane, og nyte alt naturen kan by på.

 

Vil du ha spennande opplevingar er Valldal Naturopplevingar og Valldal aktivitetspark spennande alternativ.