Fjellskredberedskap

bilde (3).jpg - Klikk for stort bilete Fjellskred er sjeldne, men har ført til nokre av dei verste naturkatastrofane i Noreg, seinast i Loen i 1905 og 1936 og i Tafjorden i 1934.

I Møre og Romsdal er tre fjellparti under døgnkontinuerleg overvaking: 

Hegguraksla i Norddal kommune

Åkneset i Stranda kommune

Mannen i Rauma kommune

 

Det blir no bygt opp eit nytt regime når det gjeld beredskapsplanverk for fjellskred. Ein nasjonal plan som gir overordna føringar vart vedteken i 2015. Det er utarbeidd eit regionalt planverk for høgrisikoobjekta i fylket. 

Objektplan Åkneset

Objektplan Hegguraksla

 

Arbeidet med å revidere det kommunale planverket er igang.  Det er utarbeidd ei interkommunal konsekvensanalyse (PDF, 2 MB), og generell del for planverket er på plass. Det er sendt ut brev til alle som eig bustad/fritidsbustad og næringsdrivane innanfor evakueringssona.

 

Revidert planverk skal testast under Øving Åkneset 2016 - ei større samhandlingsøving med fjellskred og flodbølgjescenario.

 

På fylkesmannen sine sider er det samla mykje informasjon knytt til fjellskredberedskapen i fylket:

Overvakinga

Rapportar

Historikk

Kart over fare- og evakueringssonene  (klikk på "jeg ønsker å" oppe til venstre på sida)

Faktaark frå NVE om store fjellskred

Faktaark frå NVE om stor fjellskred på engelsk (PDF, 432 kB)

Kraft og skredsenteret i Tafjord

 

Ei rekkje aktørar har ei rolle innan fjellskredberedskap i Norge. NVE har laga ei opplisting av desse. Kommunane har eit grunnleggande ansvar for å ivareta befolkninga sin tryggleik, og utgjer det lokale fundamentet i den nasjonale beredskapen.

Sist endra 06.04.2016
Teneste (1)
Hovudside (1)